Mord i Villavegen (Murder in Villa Road)
NORWEGIAN/NORSK, nynorsk
---
«Hallo?».
«Hallo, Anne? Anne, er det deg?».
«Eg er Frida. Anne er mamma. Kven er du?».
«Å, eh... Hei, Frida. Kan eg få snakke med mor di? Er ho i nærleiken?».
«Mamma ligg på golvet og stirrar opp i taket. Eg har forsøkt å snakke med ho, men ho svarer meg ikkje. Kven er du?». Mannen i den andre enden seier ikkje noko i eit augneblink.
«Frida, kan du gjere meg ein teneste?», spør han.
«Mhm».
«Kan du fortelje meg korleis ho ser ut? Liksom, er ho bleik i andletet? Er ho kald?», seier han fort. Det høyres ut som om han har det travelt. Kanskje han må rekke eit møte eller noko. Mamma må ofte det.
«Ho ser ut som snø», seier eg og ler. «Ho kjennes ut som snø, og».
---
ÅTVARING: Inneheld drap og psykiske lidingar
Alle rettigheter forbeholdt Wattpad-bruker MadnessInfinity.
All Rights Reserved to Wattpad user MadnessInfinity.