Blå blir til raud, liv blir til daud

137 4 4
                                    


Eg ser meg rundt i det stille rommet som er mitt, men som likevel følast framand. Det kjennes nesten som om veggane kviskrar til meg. "Kva har du gjort? Det er berre di feil!" kviskrar dei til meg. Det er som om sommarfuglane på veggen min brått blir mørke flaggermus. Det veks ut tenner i munnen på bamsen eg fekk av Anna etter ho hadde vore i Tyskland. Bamsen får raude auger. Anna eg treng deg! Kvifor er du ikkje her no! Tenkjer eg. Eg kjenner panikken vekse. Eg ser guten med dei koselege blå augene og det kolsvarte håret, stå i hjørnet ved senga mi. Det er berre ein ting... Han som ein gong var koseleg å sjå på, og som virka snill på ein mystisk måte, ser no skummel ut. Han har med eitt ikkje blå auge lengre. No er dei eldraude og sinte. Han flekker dei kvasse tenna mot meg. Det svarte håret heng ned og han har ein tydeleg blodflekk på sida av hovudet. Han går sakte mot meg med steg heilt utan lyd. Eg kjenner eg blir reddare og reddare. "Det var ikkje med vilje!" ropar eg med panikk i stemma.

**

Eg går med lystige skritt bortover vegen på veg til skulen. Lite anar eg at denne dagen kjem til å heimsøkje. Lite anar eg at eg resten av livet kjem til å angre på valet eg snart skal ta.

Anna kjem bort til meg med eit lurt smil om munnen. Smilet når nesten rundt hovudet hennar.

"Gjett kva!" ropar ho på veg mot meg.

"Gjett kva da?" spør eg med ein skeptisk tone. Anna er min aller beste venn, men ho har ein tendens til å finne på ting ho ikkje bør gjere. Berre for to ukar sidan fekk ho meg med på å gå inn eit gamalt hus ho var heilt sikker på at var heimsøkt, og det ende med at vi satt fast inni huset i tre timar. Ikkje nok med det, ho er fortsatt heilt sikker på at huset er heimsøkt, og at vi berre skremte dei vekk med skrika våre.

"Eg skal til Australia om to dagar!" seier ho med eit gigantisk smil om munnen. Eg veit ikkje kva eg skal seie, så det blir berre eit:

"Åååh... Var ikkje deke i Tyskland førige månad?" eg angrar med ein gong på at eg ikkje var meire optimistisk.

"Kva er det? Er du ikkje glad på mine vegne?" spør ho meg med eit litt trist ansikt.

"Jo! Så klart eg er glad på dine vegne!" løgna fungerer dårleg.

"Kvifor lyg du?" seier ho med eit strengt uttrykk i fjeset. Kvifor må ho kjenne meg så godt? tenkjer eg.

"Ok. Kanskje eg lyg lite granne."

" Kvifor? Du veit du kan stole på meg sant?" seier ho med ein bekymra mine i fjeset.

"Eg veit ikkje kvifor eg ikkje er glad på dine vegne, men eg hadde vel ønskja at du skulle vere her i alle fall to ukar til," sånn no veit ho korleis eg tenkjar om all denne reisinga. Tenkar eg og ventar spent på korleis ho kjem til å ta det.

"Vi kan ha ein overnatting i kveld da?" seier ho med håp i stemmen.

"Ja," svarar eg litt matt.

Vi snakkar om overnattinga heile vegen til skulen. Heilt til dei andre venane til Anna avbryt samtalen og drar ho vekk frå meg. Anna er mykje meir populær enn meg, men det er ikkje så rart. Ho er mykje finare enn meg med det kastanjebrune håret og dei nesten heilt grøne auga. Ho har også mykje finare kropp enn meg, og den rosa genseren med den kvite blusen under og det svarte skjørtet passar perfekt til den solbrune huda. Eg har berre ein vanleg slitt bukse, og ein grå hettegenser med logoen til rideskulen eg går på.

Eg kjem først inn i klasserommet. Denne dagen kjem til å bli heilt drit. Tenkjer eg surt, og er heilt sikker på at det er sant. Klasserommet er eit heilt vanleg klasserom. Det er tjue halvslitte pultar der det står A pluss H under også vidare. Eg kjennar brått ein slags prikking i nakken. Nesten som om nokon ser på meg. Eg snur meg, og ser mot døra. Nei ingen der... Eg ser opp mot klokka. Nei, det er ein halvtime igjen før dei andre kjem til å komme inn. Eg skvett plutseleg til! Det står nokon i hjørne. Det er ingen som pleier å komme inn så tidlig. Tenkar eg med stor undring.

Blå blir til raud, liv blir til daudWhere stories live. Discover now